Uncategorized

Ei positiv erfaring med UNE

Dette er historia UNE-direktør Terje Sjeggestad etterlyser, men media ikkje finn plass til.

Sidan 1985 har eg arbeidd som journalist, noko som har gitt meg ei rolle som mest mogeleg objektiv og nøytral formidlar av det som skjer i samfunnet vårt. Den rolla la eg frå meg då eg for litt over eitt år sidan trefte Embynesh frå Eritrea.

Eg har for vane å helse på folk eg møter i gangane der eg leiger kontor, – også dei som er usynlege i samfunnet vårt; reingjeringspersonalet. Etter kvart kom eg meir og meir i prat med den afrikanske kvinna med snille, men triste augo. Eg fekk vite at ho hadde fire søner og ein ektemann ho ikkje hadde sett på tre år.

Mine kvardagsproblem vart etter kvart knøttsmå i høve til denne jamnaldrande kvinna som budde i same bygd som meg, men som levde eit heilt anna liv, med heilt andre bekymringar. Me utveksla telefonnummer, og samtalane i gangane på Fosshaugane Campus vart lengre. Hyggeleg, men eg var usikker på kor mykje eg eigentleg skulle involvere meg. Ho hadde opphalds- og arbeidsløyve i orden.

Ein kveld eg kom på arbeid, klarte ho ikkje å leggje skjul på fortvilinga. Etter to avslag i UDI, hadde ho også fått avslag frå UNE på familiegjenforeining. Ektemann og tre søner hadde klart å flykte til Uganda, og hadde no flyktningstatus. Den eldste sonen, som ho frykta var død, hadde klart å flykte frå hæren og kome seg over til ein flyktningleir i Etiopia. 12. mars 2010 ville han fylle 18 år, og såpass hadde Embynesh fått med seg av norsk flyktningpolitikk, at ho visste at då var slaget tapt. Ho ville kanskje aldri få sjå eldstesonen sin att.

– Men kva med advokaten din?

– Eg har ingen, svara ho.

Det avgjorde saka. Eg sa: – Kom oppom kontoret mitt i morgon, og eg kan sjå på papira dine.

Det er det minste eg kan gjere, tenkte eg.

Dermed var ballen i gang. Det var ingen veg tilbake. Sakshandsaminga frå UDI var ikkje mykje å skryte av. Den bar preg av svært lita interesse for å gjere ein grundig jobb, og eg noterte mange spørsmål i margen.

8.februar tek eg dei første telefonane til UDI og UNE. Eg presenterer meg som venn av Embynesh, har ikkje tenkt å bruke journalisttittelen for å få særbehandling.

Det spesielle og tankevekkande er at det var berre små detaljar som hindra familiegjenforeining. Detaljar som eg som norsk, som kjenner språket, til dels forstår systemet, som ikkje er redd for å stille spørsmål og som har eit stort kontaktnett i bygda fort kunne fikse.

Det første kravet: Ho trengte skriftleg melding frå kommunen om at mannen var sikra plass på introduksjonskurs. Ein telefon til kommuneadministrasjonen, og den saka var i boks. – Stikk forbi i morgon du, Oddrun, og papiret skal ligge i resepsjonen, var svaret.

Det andre kravet: Ho må vere sikra fast jobb og inntekt høg nok til å ta vare på familien. Etter samtale med den sympatiske og inkluderande arbeidsgivaren, Sogndal Fotball, løyser kabalen seg. Dei treng meir hjelp til reingjeringsarbeidet. Når eg i tillegg snakkar med folk eg kjenner som har behov for hjelp, er ho godt over kravet for inntekt.

15. februar skriv eg det første brevet. Embynesh har innfridd krava og UNE behandlar saka på nytt. – Det kan ta 7-8 månader, seier dei. – Det hadde vore svært positivt om de kunne avgjere saka til 12.mars, då fyller sonen hennar 18 år, seier eg, og er så hyggeleg som eg kan vere.

I ettertid, når eg ser på notata eg har gjort gjennom dei fem hektiske, men viktige vekene, ser eg at det er blitt mange telefonar, mykje venting, og ein og annan arrogant person i resepsjonen, men kontakten med sakshandsamarane har vore oppløftande og positiv. Dei ringer til og med opp att.

Telefonar til UDI derimot set tålmodet på prøve. ”Det er 14 veiledere på jobb. Du er nummer 43 i køen.” Det blir mykje surfing på nettet og rabling på notatblokka medan teljarstega tikkar. Tips til UDI: Tilby at de vil ringe opp att sjølv om ein står som 47 i køen, og ikkje vent med det tilbodet til ein har nådd fram til femte plass…

– Bra eg er min eigen sjef, smiler eg når Embynesh ser bekymra på tida som går med i telefonventing. Det gjer godt å høyre at ho ler, medan me jobbar oss mot målet. Eg var aldri i tvil om at dette måtte gå bra – dersom lovar og regelverk held det som stod i dei.

I notata mine den 22. mars er det teikna inn eit stort smil. Under står det skrive:  ”Vedtak 14. mars 2010, UNE tek klagen til følgje. Innvilga!!”

8. februar tok eg den første telefonen. 14. mars vart saka avgjord. Det tok under fem veker. UNE fortener skryt for innsatsen og servicen i denne konkrete saka. Eg opplevde å møte folk som var interessert i å lytte, gi råd og spele på lag. Men dei kunne gjerne ha vore endå raskare i vendinga.

Det var sterkt å kunne fortelje Embynesh at svaret frå UNE var rett og slett ”ja”. Ja til at ho skulle få samla familien att – etter over tre år spreidd frå kvarandre. Eg er ikkje eit sekund i tvil om at dette er det mest meiningsfulle arbeidet eg har gjort. Etter ein runde med telefonar, fax og mailar til dei norske ambassadane i Kampala, Uganda og Addis Abeba, Etiopia, er alt ordna.

15. april er det ei strålande festkledd kvinne som tek i mot ektemann og tre søner. Minstemann på seks er blitt ni år sidan mor såg han sist. Midt i Sogndal sentrum, i lokala til Frelsesarméen, tek andre asylsøkjarar og sogningar som har vore støttespelarar for Embynesh i einsame, vanskelege år, del i det rørande gjensynet. Bygdefolk strenar forbi og undrar seg kanskje litt over alle dei norske flagga og feststemninga ein vanleg kvardag. Eldstesonen går glipp av festen på grunn av oskeskya, men når fram til Sogndal kl. 05.00 morgonen etter.

Familien er no ein del av Sogndal. Ungane går på skule og alle spelar fotball. Eldsteguten er godt integrert i folkehøgskulefamilien. Han kan kanskje skryte av at han var den første eritrear på Fanaråken, over 2000 meter over havet i den norske fjellheimen, – berre nokre månader etter at han fekk reise frå kaotisk flyktningleir i Etiopia.

Eg har fleire mål med denne teksten:

Syne at midt i blant oss er det folk som fortener å bli sett, som fortener at me engasjerer oss.

At av og til, som i denne saka, er det nesten meiningslause, knøttsmåe detaljar som hindrar ein familie å kome saman. Detaljar for oss som kjenner det norske språket og samfunnet, og som har nettverk me kan støtte oss på for å oppfylle krava. Detaljar som blir uoverstigeleg barrierar for den som er ny i landet.

Dette er historia UNE skulle hatt mange fleire av, og media godt kunne ha rydda plass til. Trass i eit par tips til kollegaer, er det ingen som har fatta stor nok interesse til å ta tak i saka.

Ingen kan ikkje gjere alt, men alle kan gjere litt. Det starta med eit hei og blikkontakt…

Det første møtet etter over tre år i uvissa. Her manglar berre eldsteguten, som nådde Sogndal morgonen etter. (Foto: Oddrun Midtbø)

 

Advertisements

8 thoughts on “Ei positiv erfaring med UNE”

  1. oh det er veldig interessant og inspirerende brev Oddrun. egentlig er det ikke nok ord til å fortelle hva du har gjort for oss. Der noen gang er vi, du vil bli husket alltid i vår familie.

  2. Eg kjene ikke deg Oddrun,men du er en fantastisk dama og du hadde gjørt en fantastisk jobb……du er strålende:))

  3. Nå ble jeg både rørt og berørt. Fantastisk historie.

    Men litt av et tankekors, at slike tilfeldighe møter og én persons engasjement kan være så avgjørende for en hel families framtid.

  4. Heia
    Flott å se at det er mulig. Du har klart å gå rett vei og det er imponerende. De er ikke lett å få til saker som dette. Jeg har skrevet mange artikler om norske kvinner, men det har vært heller liten respons fra alle kanter. Hverken partier, organisasjoner eller UDI, UNE har giddet å bry seg.

    Varme gratulasjoner for en en vellykket løsning!

  5. så bra at det gikk så lett! og så synd at det var så vanskelig før du tok tak i saken- det burde ikke være sånn!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s